Er våre liv mindre verdt?
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det er faktisk eit betimeleg spørsmål å stille etter at Helse Møre og Romsdal har vedtatt å leggje ned ambulansen i Geiranger og erstatte den med ein ein-reddar-ressurs. Vel å merke berre vinterstid. For om sommaren, når bygda er fylt av turistar, då skal der ifølgje helseforetaket vere ambulanse. Då er det ikkje rart at jårångarane og resten av sørsidefolket lurer på om ikkje deira liv er like mykje verd som livet til ein turist eller livet til ein som bur meir bynært.
For helseforetaket må jo kutte kostnader, må vite. Mon det – når innsparinga dette vedtaket representerer i kroner og øre utgjer mindre enn lønna til ein toppleiar i helseforetaket. Då er det ikkje underleg at ein kjenner på at livet til dei i dei tre sørsidebygdene i alle fall er mindre verdt enn ein helseforetakstopp.
Dessutan er det direkte frekt av helseforetaket å basere eit slikt vedtak på «vidare styrking av lokale FR/akutthjelper og frivillige ordningar», særleg med tanke på at Fjord og Stranda brann- og redning ikkje er blitt tatt med på råd i denne saka. Brannsjefen er klar på at brannvesenet i Fjord og Stranda ikkje vil kunne reknast med som «ein kompenserande faktor» i denne omlegginga. Det skjønar eg godt!
Her må politikarar og andre berre stå på for å forsøke å få helseforetaket til å sjå galskapen i vedtaket. Viss ikkje helseforetaket snur, så er det nok mange som synest det å bu i bygdene våre er blitt så utrygt at dei vil vurdere å flytte. Er det avfolking av indre fjordstrøk helseforetaket ønskjer seg? Eller kan ein heller tenkje seg at helseforetaket kan gjere noko med lønnsnivå og talet på leiarar…? Eg berre spør.



