Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Geiranger-Langvatn opnar i dag

Vegtrafikksentralen midt melder no at fylkesveg 63 Geiranger-Langvatn opnar i dag, onsdag 6. mai, klokka 12 etter å ha vore stengt på grunn av dårleg vêr.

Saken fortset etter annonsa

Men – vegtrafikksentralen minner også om at det er meldt nedbør att til helga, og dermed kan det vere fare for at vegen vert stengt på nytt seinare i veka.