Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Ferjene går som normalt att etter ulykke på Linge ferjekai

Politiet melde kl. 14.19 om ei trafikkulykke mellom motorsykkel og bil på ferjekaia på Linge. Politiet melde vidare at kriminalteknikar og ulykkesgruppe reiser til staden – og ulykka framstod som som alvorleg.

Saken fortset etter annonsa

Den skadde føraren av motorsykkelen er flogen med luftambulanse til Haukeland. Ulykka skjedde i bakken opp mot fylkesvegen etter at dei hadde køyrt av ferga, men sjølve hendingsforløpet er uavklart.

Det vert også meldt om at ferjesambandet Eidsdal-Linge er i drift att og at ferjene går som normalt. Likevel, Fjord1 melder at reisande, på grunn av trafikksituasjonen på land, må rekne med forseinkingar.