VILLSALAT Slangeagurk og honningmelon etter smak Blad frå 2–3 etande, ville planter, til dømes skvallerkål og engsyre Blomstrar frå 1–2 etande, ville planter, til dømes tusenfryd og løvetann Dressing 2 delar god olivenolje 1 del eplesidereddik (gjerne urteeddik av ville urter som rosekronblad, raudkløver, geitramsblomstrar.) Honning for søtare smak, og litt salt etter ønske Slangeagurk og eventuelt litt melon er base, for å mildne dei bitre smakane frå dei ville vokstrane. Du kan òg bruke ung vassarve, unge blad av meldestokk, unge skot og blad av kveke, faste blomstertoppar av tunbalderbrå og unge blad frå gjetertaske. Skjær agurk og melon i små terningar, og vask og riv plantene til passande storleik. Blomstrane treng du sjeldan å vaske. Bland alt i ein bolle, ha over dressing og drys over blomstrane til slutt. Foto: Kristine Enger.
Har du gyldig abonnement?
Prøv å logge ut og inn igjen. Dersom du framleis får denne meldinga, kontakt kundeservice på
post@storfjordnytt.no.
For å lese nettavisa på denne eininga må den bli lagt til aktive einingar på mi side. Trykk på «administrer aktive
einingar» for å legge til denne eininga som aktiv.