Storfjordnytt
5 minutter lesetid

Svar frå ordførar på innlegg “Generasjonsskifte og framtidssatsing på landbruk i Fjord kommune” i Storfjordnytt digital utgåve 20.06.2026

Eg vil først takke Gunhild Sunde og Simen Aasemyr for dykkar innlegg i Storfjordnytt. Det de skisserer av planar for garden, med satsing på mjølkeproduksjon og vidare drift, er imponerande. Det er nettopp slike initiativ Fjord kommune er avhengig av, og det er svært positivt at unge vel å satse og byggje framtid her. Som ordførar er det viktig for meg å seie dette tydeleg.

Saken fortset etter annonsa

Samtidig er det også nødvendig å forklare litt nærare kva roller som gjeld i slike saker, og kva ansvar både kommunen og søkjar har etter lovverket.

For dykk som søkjarar ligg retten til å søkje og få saka vurdert. De har lagt ned mykje arbeid i planlegging, fagutgreiingar og dokumentasjon. Det er slik systemet skal fungere, og det er bra at slike prosjekt blir godt førebudde. Eg skjønar at slike prosessar kan opplevast krevjande når det står store investeringar og viktige framtidsval på spel.

For kommunen er rolla ei anna. Når vi behandlar ei sak om frådeling av tomt i eit LNF-område, er vi bundne av plan- og bygningslova og jordlova. Kommunen kan ikkje leggje avgjerande vekt på ønskje om ei bestemt løysing dersom det kjem i konflikt med lovpålagde omsyn. Kommunen har ansvar for å behandle saker etter dei reglane som gjeld for jordvern, landbruk og arealbruk, og at også positive prosjekt må vurderast opp mot dei omsyna lovverket krev.

Det inneber konkret at kommunen skal vurdere:

  • om tiltaket fører til nedbygging av dyrka eller dyrkbar jord
  • om plasseringa er i tråd med gjeldande arealformål
  • om det finst alternativ som gir mindre konflikt med landbruksinteresser
  • kva konsekvensar ei slik frådeling kan få over tid

Dette er ikkje vurderingar kommunen kan velje bort. Dei ligg til stillinga som planmyndigheit.

Avhengig av delegeringsregelverket vårt vert saker anten avgjort administrativt, eller lagt fram for politisk behandling. Det er også mogleg å anke ei administrativt vedtak i ei sak, som deretter vert lagt fram for politisk behandling. Politikarane har moglegheit til å bruke sitt frie forvaltningsskjønn, og vurdere kva som er hensiktsmessig eller ønskeleg ut frå politiske mål. Så lenge sakene er godt nok opplyst og rett behandla etter gjeldande lovverk, er det politiske skjønnet og handlingsrommet større enn kommunedirektøren sitt handlingsrom.

I innlegget blir det sett spørsmålsteikn ved at saka no i større grad handlar om plassering. Når dei geologiske forholda er avklarte, er det nettopp plassering og arealbruk som står igjen som hovudtema. Det er slik prosessen normalt går.

Eg vil også vere tydeleg på skiljet mellom ulike avgjerder etter lovverket. At det er gitt løyve til nydyrking, er ei vurdering etter eitt regelsett. Spørsmålet om frådeling og bygging på dyrka mark er ei anna vurdering. Desse kan ikkje direkte vegast opp mot kvarandre.

Samtidig ser eg godt at dette kan opplevast som lite samanhengande frå utsida. Det er eit ansvar kommunen har – å vere tydeleg og forklarande i møte med dei som står midt i saka.

Eg har forståing for at de opplever prosessen som tung. Det handlar om store investeringar og viktige val for framtida. Nettopp derfor er det også avgjerande at kommunen gjer ei grundig og etterretteleg vurdering, slik at avgjerda er forsvarleg og står seg over tid.

Saken fortset etter annonsa

Det er også viktig å understreke at denne saka ikkje handlar om vilje eller motvilje mot satsing. Fjord kommune ønskjer fleire slike initiativ. Men kommunen må samtidig forvalte arealressursane på ein måte som tek vare på både dagens og framtidige behov.

Eg meiner det er fullt mogleg å kombinere desse omsyna, men det krev dialog og forståing for rollene i saka. Kommunen skal ikkje vere ein motpart, men ein forvaltar av regelverket.

Avslutningsvis vil eg seie dette: Fjord kommune treng bønder som dykk – som ønskjer å satse, utvikle og bli verande. Det er eit stort pluss for kommunen. Samtidig må vi handtere slike saker innanfor dei rammene vi er sette til å forvalte.

Eg håpar derfor vi framover kan halde fram med ein god og ryddig dialog, med mål om å finne ei løysing som både let seg gjennomføre og som tek omsyn til dei krava vi er pliktige til å følgje.