Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Trafikkuhell i Eidsdal, heldigvis utan personskade

Litt før klokka 17 torsdag ettermiddag var det eit mindre trafikkuhell i Eidsdal. Ein bil hadde køyrt i brukaret på brua over elva, på veg inn til Norddal.

Saken fortset etter annonsa

Bilen fekk store skader etter møtet med brukaret, og var på ikkje noko vis køyrbar etterpå, den måtte bergast. Det vart mykje kø i begge retningar ettersom bilen stod midt på brua.

Det var éin i bilen, og føraren, ein turist. Han fortalde til Storfjordnytt at han var uskadd, han var glad dette hadde skjedd i veldig sakte fart.

Politiet melde no nettopp at vegen er åpen for fri ferdsel att, etter at bilbergar har vore på staden.