Storfjordnytt
2 minutter lesetid

Skårfast mann i Eidsdal funnen og henta ut

Politiet melde klokka 21:14 søndag kveld om ein mann som stod skårfast ved Heia i Eidsdal. Det vart også meldt om at patrulje og Røde Kors var på veg til staden.

Saken fortset etter annonsa

Ei lita presisering, var røde kors som fann person, brann vart utkalla som bærehjelp, men fantastisk samhandling mellom Politi, Brann, Røde Kors og Helse

Det viste seg at mannen slett ikkje var på Heia, derimot vart han funnen av Eidsdal-Norddal Røde Kors i ura utanfor råsa som går frå parkeringsplassen ved skulen og opp på Kilstiberget. Brann vart utkalla som berehjelp – og mannskapet som var ute denne natta melder om at det var svært god samhandling mellom politi, brann, Røde Kors og helse.

Her vert mannen henta ut av redningshelikopteret.

Mannen vart etter kvart henta ut av redningshelikopter og flogen til Valldal der han vart teken hand om av helse – og meldinga om det kom klokka 02:03 natt til måndag.