For litt sidan hadde Helge Søvik eit innlegg i Sunnmørsposten der han argumenterte for at no må dei to kommunane her på Indre, Fjord og Stranda, gå saman til éin kommune. Alle eg har treft på som har lese innlegget til Søvik, har sagt seg heilt samde i det han skreiv. Eg tek sjølvsagt atterhald […]
Leiar
Vi må ikkje gløyme oss
Det er ikkje berre kommuneoverlegen som har lagt merke til at mange ser ut til å ha gløymt at vi framleis har ein pandemi gåande. Når ein er ute og ruslar, enten det er på butikken eller andre stader, er det ikkje vanskeleg å sjå at særleg dette med å halde avstand er vi blitt […]
Underleg diskusjon
Det var ein underleg seanse som utspelte seg i kommunestyret førre veke. Ei i utgangspunktet kurant sak om godkjenning av skisser til ordførarkjede utarta til noko heilt anna. Ein kross er eit sterkt symbol, eit symbol dei aller fleste veit kva står for. At det i Noreg blir ein stadig større del av befolkninga som […]
Dugnaden er ikkje over enno
Dei som har som jobb å gje råd til bedrifter som treng det i Fjord kommune, fortel at krisepakkane, eller tiltakspakkane, frå styresmaktene ikkje nødvendigvis har treft behova til vårt lokale næringsliv like bra. Det er synd, men det er likevel fleire bedrifter her på Indre som har søkt om – og fått – støtte. […]
Vi må skjerpe oss!
Ingen av oss er vel heilt ukjende med rykte. Dei har ein tendens til å dukke opp, nær sagt ut av det blå – og vekse ut av alle proporsjonar. Under kommunedirektøren sine orienteringar til formannskapet i førre veke, var nettopp det tema. For etter at Fjord kommune fekk sitt andre smittetilfelle, var han sjokkert […]
Vel overstått
Mange – underteikna inkludert – hadde nok lurt på korleis feiringa av nasjonaldagen ville bli i år. Ikkje var det lov til å gå i tog, ikkje var det lov å samle store mengder folk på éin stad. I det heile tatt, styresmaktene hadde sett ganske strenge restriksjonar på korleis feiringa kunne gå føre seg. […]
Ulike briller gir ulikt syn på verda
Eg har ved fleire tidlegare høve skulda dåverande ordførar i Norddal kommune for å ha briller som ikkje andre har – og som gjorde at han innimellom kom til andre konklusjonar i saker enn andre. Det har eg tidvis fått «pepar» for, og det er heilt greitt. Men førre vekes kommunestyremøte viste at det er […]
Konsulentar har sagt sitt
Klok av skade har administrasjonen sett vekk arbeidet med å greie ut kva som skal vere administrasjonsstaden til Fjord kommune. Det var ikkje så vellukka førre gongen politikarane fekk saka om administrasjonsstad til behandling – i alle fall, vart ikkje konklusjonen til adminstrasjonen tatt godt imot den gongen. Konsulentane som har vurdert kva som vil […]
Den vanskelege økonomien
Kommuneøkonomi er eit stadig tilbakevendande tema. Det er for så vidt ikkje noko nytt. Om ein går attende i tid, til Storfjordnytt først såg dagens lys i 1979, gjekk det ikkje lange tida før kommuneøkonomien vart eit tema. Varsel om at no må det sparast og at det er krisetider og det eine med det […]
Eit forsiktig steg i rett retning
Skal vi våge å tru at det har snudd, at vi er i ferd med å «ta rotta på» koronaviruset? I alle fall meiner helsestyresmaktene at vi har såpass kontroll over viruset at det er forsvarleg å slakke litt på restriksjonane vi har levd med dei siste vekene. Det vert altså opna opp litt. Denne […]